En gruppe menn sitter rundt et bord og spiser
Nokre av deltakerne frå mannsgruppa i Bergen blei avbilda på veg til sommaravslutninga, som inkluderte middag på restaurant og hyggelege samtaler.

Seks mannsgrupper har blitt etablert

KIA har starta mannsgrupper for menn med innvandrarbakgrunn, som ser fram til å møtast kvar veka framover for både samhald og auka kompetanse.

Eit nytt satsingsområde for KIA er å støtta integreringsprosessen for innvandrarmenn gjennom samlingar i grupper. Dette prosjektet kom i gang i fjor, Møteplass for innvandrermenn, og takka vere fleirårig støtte frå Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet (IMDi) har vi i år auka tilbodet og etablert mannsgrupper i Kristiansand, Bergen, Norheimsund, Stavanger, Oslo og Molde.

Dette prosjektet kallar vi “Mannsgrupper for samfunn-, arbeid- og språkkompetanse”, kor vi hjelper deltakarane til å auka kunnskapen om det norske samfunnet gjennom ein fast samlingsplass kvar veka kor ein praktiserer norsk i eit sosialt fellesskap. Så etter å ha fått prosjektmedarbeidarar og frivillige på plass dei seks stadene, har vi jobba med rekruttering for å samla menn som er heilt eller delvis utanfor arbeidslivet til å bli faste deltakarar i gruppene. Deltakarane treng praktisera norsk, og er på forskjellige nivå i integreringa så vi har spurt dei enkelte gruppene kva behov dei har. Mange er usikre på kva som er venta av mannsrollen i vårt samfunn, dei treng hjelp til å søka jobb, nokre treng lærekøyra bil og forstå teorikurset, nokre treng vita korleis ein får startlån av kommunen for å kjøpa bustad, mange kjenner ikkje til allemannsretten for bruk av naturen vår, og vi opplev at mange fylgjer veldig mykje med på kva som skjer i deira opphavsland, men ikkje får med seg nyhende frå Noreg. Og svært mange uttrykk at dei houdsakeleg omgår folk frå sine opphavsland, og ikkje har ein einaste norsk ven.

Vennskap

I oppstarten har vi vore tydeleg på at det er viktig å la alle kjenna seg velkommen i gruppa og byggja vennskap, så i tillegg til å fokusera på viktige tema som koronaviruset og stortingsvalet til hausten, har vi gjort hyggelege aktivitetar som grilling, restaurantbesøk og fisketur. Slikt sosialt samvær er det mange som har lengta etter gjennom pandemien, men for mange av deltakarane som har kome med traumatisk bakgrunn har vi fått ein ny forståing for kor viktig det er å samlast.

Sommaravslutning for mannsgruppa i Norheimsund

- Is this a dream? Ikkje ein einaste nordmann har snakka med meg sidan eg kom, så tusen takk for at de ser meg, sa ein rørt Robiel (25) når vi gav han ein kopp kaffi og tok oss tid til å spørja korleis han verkeleg har det under samlinga til mannsgruppa i Norheimsund.

For Robiel har blitt plassert i ein leilegheit i Kvam kommune midt i koronakrisa, og nærmast levd innesperra i eit halvt år utan å helsa på ein einaste nabo sidan han kom frå flyktningeleir. Berre folk frå det offentlege har vore i kontakt med han, i tillegg til nokre busette flyktningar i kommunen, så då betyr det så mykje å bli tatt i mot i eit sosialt fellesskap og føla seg heima i mannsgruppa.

Tilpassa

I oppstartsåret 2020 søkte vi meir mot menn som var heilt utanfor arbeidslivet, men til dømes i Bergen har fleire kome seg inn i arbeid og utdanning sidan i haust, men ynskjer framleis å delta i mannsgruppa. Det er viktig for å motivera dei på vegen vidare, og dei kan inspirera andre deltakarar, så vi har blitt einige om at det passar best å samlast på ettermiddagstid. Dei andre stadene møtast og på ettermiddagen, utanom i Molde kor alle dei sju deltakarane er heilt utanfor arbeidslivet så dei har gjennomført sine to timars samlingar på dagtid kvar fredag. Prosjektansvarleg Reidar Andestad har kontakt med NAV som er ein god link for å rekruttera aktuelle deltakarar.

- Dette er nyttig. Vi har ei motivert gruppe som er ganske opne om seg sjølve og sine utfordringar, og ytrar sterkt ynskje om å komme seg i lønna arbeid. Gruppesamtalene er verdifulle, og deltakarane fylgjes opp med rettleiing for den enkelte etter behov, fortel Reidar.

I prosjektskildringa er det lagt retningslinjer for kva vi vil oppnå gjennom samlinga, kor hovudmålet er at deltakarane skal få auka kunnskap og bruka sine evner i arbeidslivet. Likevel har vi sagt at kvar gruppa må legjja til rette ut frå behova til deltakarane. Individuell oppfølging er ein viktig del av prosjektet, for sjølv om det er verdifullt å samlast i fellesskap er det viktig å også ta seg tid med enkeltpersonar. Blant anna har både frivillige og prosjektmedarbeidarar tatt deltakarar med på lærekøyring, som er eit uttrykt ynskje blant mange deltakarar. Slik hjelp er best å gjera individuelt, men til dømes har også mange sagt at dei ynskjer læra seg å symja, så vi har undersøkt moglegheit for å ta symjekurs saman. 

Den frivillige medarbeidaren Svein Strand tar med seg deltakararar på lærekøyring. Foto: Hallgeir Berge

Å gjennomføra aktivitetar utanom våre faste møter er verdifullt, for det byggjer samhald og dyrkar vennskap, som igjen motiverer deltakarane til å stilla meir trufast på samlingane. Vi ynskjer også samhald på tvers av regionane, så prosjektmedarbeidarar har tatt del i samlingane i dei forskjellige stadene, prosjektleiar Hallgeir Berge har reist rundt og vore fysisk til stades for mannsgruppene i Bergen, Norheimsund og i Oslo samt tatt del i fleire videosamtaler, og vi ynskjer å samla dei forskjellige gruppene etterkvart. Blant anna har vi mål om å samla gruppene for ein telttur på Hardangervidda ei helg, kor vi og har tilgang til ei hytte. For ein viktig kunnskap og kulturarv å dela med innvandrarane er allemannsretten, for mange veit ikkje om retten vi har til å ferdast og opphalda oss i utmark her i landet. 

Mannsgruppa i Kristiansand på sin sommaravslutning. Foto: Mei Lian Chou

Rekruttering

Rekruttering av deltakarar har variert frå stad til stad, kor vi har brukt eige nettverk, hatt kontakt med NAV for aktuelle deltakarar og snakka med lokal vaksenopplæring. Det har ført til varierte grupper av deltakarar, kor ein til dømes i Kristiansand har rekruttert åtte deltakarar får sju forskjellige land. Det er oppmuntrande å sjå korleis dei kommuniserer på norsk, og positivt at deltakarane er på forskjellig nivå i integreringsprosessen. For då kan nokre bidra både med tolking og som inspirasjon, men vi ynskjer hovudsakleg å nå ut til innvandrarmenn som har behov for å styrka kompetansen og kunnskapen sin. Dette utfordrande for oppstarten i Stavanger, kor prosjektmedarbeidar fekk hjelp av ein med eritreisk opphav å rekruttera deltakarar. Det endte med at ei gruppa på seks kameratar frå Eritrea og Etiopia kom til fyrste samling, som var i arbeid med gode norskkunnskapar.

Dei satt pris på tilbodet dei også, men var heilt klart mest opptatt av å diskutera forhold i heimlandet og snakka over hovudet på ein anna i gruppa som kom frå Syria, fortel prosjektmedarbeidar Jan Olav Alstveit.

Så vi måtte fortelja denne gruppa at dei ikkje var i målgruppa for tilbodet vårt, så då byrja ein ny runde med rekruttering i Stavanger.

Å spela er ein god måte å bli kjent på og å praktisera norsk, som her for mannsgruppa i Stavanger. Foto: Jan Olav Alstveit

I Oslo måtte vi ha noko ekstra innsats for å få deltakarane til å møta trufast på samlingane, så det blei jobba vidare med inn i sommarferien 2021 då prosjektleiar var i Oslo og bidrog med individuell oppfølging og rekruttering, samt var til stades på to samlingar. Det viktigaste er å nå ut med informasjonen til målgruppa for det er så stort behov blant innvandrermenn for dette tilbodet, så det er svært gledeleg å ha fått etablert ei motivert gruppa i Oslo som ser fram til å møtast kvar veka framover. Det er også positivt at deltakarane har variert bakgrunn og kompetanse, kor nokre har kome til Noreg som asylsøkjarar, to har nyleg kome som kvoteflyktningar og to har andre som arbeidsinnvandrarar. Alle har behov og ynskje om å betra norskkunnskapane sine, og i tillegg har ingen av deltakarane førarkort så set stor pris på at den lokale medarbeidaren Anders Porskrog-Mjelde tar deltakarane med på lærekøyring utanom dei faste samlingane.

Det er så gledeleg å ha fått motiverte deltakarar med variert bakgrunn, for sjølv om alle vil auka kompetansen sin om Noreg og språket, så lærer vi av kvarandre og byggjar venskap og tillit gjennom kontakt utanom dei faste samlingane våre også, seier prosjektmedarbeidar Anders Porskrog-Mjelde.
I Oslo nyttar vi kontoret til KIA, og her er nokre av deltakarane til stades saman med prosjektleiar og den lokale prosjektmedarbeidaren. F.v., Mulugeta, Hallgeir, Mekhazin, Etbarak, Anders og Efrem.

Variert bakgrunn

Samlingsstad er hovudsakeleg på kontora til kvar region i KIA, utanom i Kvam kor vi får låne fellesrom av Norheimsund kyrkje og i Molde kor ein samlast i Molde Domkirke. Mange frivillige bidrar, og har også variert bakgrunn. Til dømes i Oslo kor har vi rekruttert frivillige med opphav frå Iran og Etiopia, i Kristiansand kjem ein frivillig frå Brasil, medan fleire norske pensjonistar og aktive lærarar bidrar andre stader. Deltakarane har hovudsakleg flyktningbakgrunn, og kjem frå land som Somalia, Syria, Eritrea, Etiopia, Tyrkia, Libanon, Ghana og Liberia.

I tillegg til dei som møter fast er det også forfriskande med besøk frå eksterne fagpersonar som kan informera og inspirera. I Norheimsund er mange i gruppa i deltidsjobb, men ingen eig eigen bustad for dei får ikkje lån. Derfor har prosjektmedarbeidar Tor Håkon Berge vore i kontakt med kommunen for at dei skal komma og informera gruppa om startlån. Gruppa i Bergen har og fått besøk frå eksterne før sommarferien, blant anna av den eritreiske sjukepleiaren Yohans Mehari frå Eritrea som kom og fortalte om koronaviruset for å jobba mot vaksineskepsisen som mange frå innvandrarbefolkninga har då mange ikkje forstår og heller ikkje stolar like mykje på beskjeder frå myndigheitene. Den norske legen Bernt Lindtjørn besøkte også mannsgruppa i Bergen for å fortelja om arbeidet han har drive på forskjellige sjukehus i fødelandet sitt Etiopia. Det var stor stas for etioparane i gruppa å møta ein nordmann som snakkar flytande amharisk, og interessant å høyra om utviklinga i Etiopia gjennom dei 40 årene Bernt har budd i landet kor det har vore mykje norsk engasjement.

Legen Bernt Lindtjørn skildra arbeidet sitt i Etiopia til mannsgruppa i Bergen. Foto: Diana Avalos Gil

Mannsgruppene skal samlast kvar veka både i år og til neste år, og fylgjer i utgangspunktet lokale skuleruter, men alle seks stadene har hatt samlingar inn i sommarferien no i etableringsfasen. For vi ser kor etterlengta dette tilbodet er for deltakarane, så ser fram til fortsetjinga og håper gruppene vil etablera seg i endå fleire stader i Noreg slik at stadig fleire innvandrarmenn får brukt seg sjølv og finna sin plass i sitt nye heimland.

Deltakar Fekadufekere Fekere er konditor, og får til og med tre epler til å sjå ut som eit kunstverk! Foto: Hallgeir Berge


Skrevet av / ta kontakt med
se alle
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.