Språkkafé i Bergen

Kvar måndag frå klokka 18-20 er det språkkafè på vårt kontor i Bergen sentrum, kombinert med sosialt fellesskap og "Turgrupper for fellesskap".

Vi har turgrupper kvar måndag klokka 18 med fast oppmøtestad på Dreggsallmenningen 20, kor spesielt mange flyktningar tar del. Deltakarane ynskjer praktisera språket, og norsk blir praktisert i turgruppene, men vi ynskjer også at frivillige kan tilby leksehjelp når turgruppa er på tur.

Så vi har behov for nye frivillige til å bidra, både som vertskap for å ta imot folk, servera kaffi og vafler, og hjelpa deltakarar med å få praktisert norsk. Vi ser behovet for at nokon er igjen på fellesarealet for å ta i mot folk fordi mange kjem til forskjellige tidspunkt. Så er dei fleste er på tur desse to timane, men etter turane samlar vi oss også for enkel servering og sosialt fellesskap.

Frå 2005-2020 har KIA Bjørgvin drive språkkafè på Arna mottakssenter. Grunna nedstenginga av mottakssenteret måtte vi tenke nytt, og tilbyr no språkkafè til busatte flyktningar kombinert med turgruppa.

Stad: Dreggsallmenningen 20, mandager frå klokka 18-20.

Våre samarbeidspartnere

No items found.

Region:

Lokallag:

Bergen

Kontakt

No items found.