KIA Bjørgvin har kontor i Bergen sentrum, og vil driva Kristent Interkulturelt Arbeid i heile Vestland fylke.
Vi fostrar interkulturelle relasjoner i Bergen kvar veka gjennom prosjekt som Konvertittgruppa og Møteplass for innvandrermenn. I tillegg held vi årlege arrangement som Internasjonal sommarleir, Adventsfest og Internasjonal julefeiring.
Grunna smitteverntiltak mot korona blir noko gjennomført online for tida, men dette er våre faste aktivitetar:
Vi driv også økumenisk arbeid, tar del i Nettverk for eit fleirkulturelt Bjørgvin, og ynskjer å integrera innvandrarar med kristen bakgrunn i norske trussamfunn.
Regionrådet til KIA Bjørgvin har trufaste representantar frå våre medlemsorganisasjonar: Bergen Indremisjon, Bjørgvin Bispedømmeråd, Det Norske Misjonsselskap-NMS, Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband-NLM.
2021 blir eit interessant år for KIA Bjørgvin med store endringar; Nytt kontor, ny regionleiar og nye prosjekt!
Mykje av vårt arbeid har voreknytta til Arna mottakssenter som blei lagt ned i desember 2020, men asylsøkjarane er flytta til mottak på Stord og i Florø, så vi fylgjer dei fortsatt opp ynskjer å etablera lokalavdelingar og å engasjere frivillige.
For å nå måla har vi behov for fleire frivillige i arbeidet, som kan bistå med inkludering, integrering og ivaretaking av flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar, uavhengig av kor ein kjem frå og kva livssyn ein har.
Vi har kontor på Dreggsallmenningen 20, ved Bryggen/Mariakirken i Bergen sentrum.
Følg arbeidet vårt på Facebook: www.facebook.com/KIABjorgvin
Hallgeir Berge - Regionleiar i KIA Bjørgvin
Telefon: 483 14 146